Laurdag 11. november

FIRST LEGO League turnering

Laurdag vil det vere turnering i årets FIRST LEGO League med hovudtemaet «MASTERPIECE!». Elevane har i åtte veker førebudd eit meisterverk med mål om å bruke lærdom frå museer, teater og filmar til å hjelpe dei med å dele det dei likar å gjere.

På turneringsdagen vil deltakarane halde ei presentasjon om kjerneverdiar, i tillegg til deira innovative prosjekt, følgt av robotkampar der deltakarane skal løyse ulike problemstillingar på kreative måtar med sin Lego-robot.

Måndag 13. november

shutterstock_1606190653_1

Energiseminar

Grøn Hub Årdal Teknologipark inviterer til eit energiseminar med fokus på fornybar energi og industrielle symbiosar. Årdal Teknologipark er eit av knutepunkta i Grøn region Vestland. Vi ynskjer å få resten av Sogn med på laget og inviterer til ein dag med spennande innlegg og gode diskusjonar, der målet er samarbeid og grøn vekst i Sogn. Dette energiseminaret er eit samarbeid mellom Grøn Hub Årdal Teknologipark og Grøn region Vestland.

Seminaret vert halde måndag 13. november frå kl. 09:00 til 15:00 i Årdal Teknologipark.

new-chatgpt-features-prompt-examples-file-uploads-keyboard-shortcuts-64cbe11467cc6-sej-760x400

Workshop om ChatGPT og Microsoft Copilot

Bli med oss måndag 13. november frå 09:00 til 11:00 for eit lærerikt kurs om bruken av ChatGPT og Microsoft Copilot!

Denne økta på 2 x 45 minutt vil gje dykk grunnleggjande kunnskap om korleis de kan nytte desse kraftige verktøya i arbeidskvardagen dykkar.

Innhald:

  • Introduksjon til Chat GPT og Microsoft Copilot.
  • Grunnleggjande bruk og funksjonar.
  • Integrering i dagleg arbeidsflyt.
  • Tips og triks for effektiv bruk.

Tysdag 14. november

Big data, KI, innovasjon

Vestlandsforsking, Accenture og Elkem vil halde føredrag og demonstrasjonar om kor viktig det er å nytte tilgjengeleg data hjå bedrifter for å auke verdiskapninga.

3D-teknologi og utvikling

Hydro, TechnipFMC og Additech vil halde føredrag om viktigheiten av teknologiutvikling, og det vil bli vist fleire døme der kombinasjonen av 3D-skanning og 3D-printing effektiviserer ulike arbeidsplassar.

Matservering

Sjå fram til ei smakfull lunsjoppleving servert av Veekiosken. I løpet av fagdagane vil det bli servert sunne og smakfulle smårettar, i tillegg til kaffi og frukt. Seinare på dagen vil det bli servert middag på Klingenberg hotell for alle deltakarar som har melde seg på dette. Dresskode på middagen er casual pluss (dvs. heil bruk og fin skjorte).

Onsdag 15. november

XR og droneteknologi

Ntention, Bilfinger og Norce vil halde føredrag om bruk av kunstig intelligens innan droneteknologi og kamerasystem, og korleis dette kan styrast med gestikulering.

Verkemiddelapparatet og desentralisert utdanning

Førelesingar frå HVL om potensialet for samarbeid med industrien for master-/bacheloroppgåver. Det vil òg bli ei rask innføring i nokre viktige verkty i verkemiddelapparatet.

Torsdag 16. november

Introkurs om droner

Sjå fram til eit innføringskurs i bruk av droner! Dette kurset vil gi deg ein grundig introduksjon til verda av droneteknologi og korleis du kan nyttiggjere deg av denne spennande teknologien.

Kurset inneheld oversikt over lover og reglar slik at ein i ettertid kan ta nettkurs for sertifisering. Ein vil få råd og tips om kva type drone ein bør starte med, kva kurs ein bør ta og kva ein må passe på.

Det vert ein praktisk del der ein får flyge drone i trygge omgjevnader med røynde dronepilotar.

Dette kurset passar for deg som knapt nok har sett ei drone, har behov for dette i eiga organisasjon, men som ikkje heilt veit kvar du skal starte. Bli med oss Torsdag 16. november frå 08:30 til 11:00 på eit læringsrikt innleiingskurs.

F&U møter om droner

Droneteknologi spelar ei stadig viktigare rolle i fleire sektorar, frå jordbruk til infrastruktur og redningstenester. Gjennom samarbeid mellom kommunane i Sogn kan me utnytte detta potensialet til det fulle. Foreløpig program:

  • Lunsj
  • Kort intro, bakgrunn for møtet : Frank
  • Forregion og FoU-møteverktøy : Øyvind
  • Faglege innlegg (kjem)
  • Innspel frå kommunane – kva er behovet? Alle*5 min
  • Idemyldring og drøfting av konkrete problemstillingar : alle
  • Oppsummering og vegen vidare. Frank

Vi ser fram til å utforske korleis droneteknologi kan bidra til å løyse dagens utfordringar, og korleis vi kan fremje innovasjon og berekraft i regionen. F&U møtet vil finna stad i Årdal Teknologipark torsdag 16. november frå kl. 11:00 til 14:00.

Hovudsponsarar