Fagdag Onsdag 15. november

09:00-09:10
Frank Øvstetun (Sitep): Velkomst/Innleiing

Velkomst for dagens arrangement under Teknologiveka 2023. Generell informasjon om seminaret for dagen, samt anna praktisk informasjon.

09:10-09:25
Per Filip Tjeransen (TechnipFMC): Demo av skanna case

Som oppfølgjing av gårsdagens føredrag, blir det i dag arrangert ein demonstrasjon av eit skanna case på ein industriell stad. Demonstrasjonen vil vise resultata frå NavVis VLX.

09:25-10:00
Forskningsrådet/IN/SIVA/HMR: Om virkemiddelapparatet

Me får eit kort intro til nokre av verkemiddelappararta og blir litt kjende med personar som kan bidra med både finansiering og kompetanse i spennande framtidsretta prosjekt. Me får også eit innslag frå HMR som vil fortelje litt om deira erfaring. Foredragshaldare vil vera Merete Lunde, Jan Gurvin, Jørild Hovland og Endre Røyrvik.

10:00-10:15 Kaffipause

10:15-10:45
Kasper Rise (Ntention): XR, robot og dronestyring med gestikulering

Istadenfor at operatørar skal bruke kronglete joysticks og trykkskjermar, utviklar vi løysingar som nyttar det mest naturlege verktøyet vi har, nemleg hendene. Ved å bruke XR og annan sensorteknologi utviklar Ntention løysingar som gjer det mogleg sjølv for ikkje-ekspertar å styre dronar, terrengrobotar og robotarmar. Ntention leverer løysingar til den amerikanske romfarten og ynskjer no å finne gode bruksområde for teknologien i industrien i Noreg.

10:45-11:15
Kristin Hestetun (Hydro): SoftSensorstyring i Hydro - utfordringar og potensial

SoftSensor er Hydro sin digitale tvilling av elektrolysecella. Denne kombinerer ein dynamisk prosessmodell med målingar frå cella og generere virtuelle målingar av prosessvariable som vert nytta i styringa av elektrolysecellene.

11:15-12:00 Mingling/networking

12:00-12:20
Trond Fludal (Bilfinger): Bruk av dronar til teknisk inspeksjon

Her skal vi sjå på korleis bruk av dronar til teknisk inspeksjon kan effektivisera prosessen, gi betre dokumentasjon, og gå litt djupare inn i korleis dette er vesentleg tryggare enn tradisjonell inspeksjon.

12:20-12:55
Raquel Motzfeldt Tirach (HVL): Samarbeid med idnustri for teknologiutvikling i næringsliv

Ingeniør- og teknologifag er ei sentral del av HVL sin satsing, og målsetninga er å utvikle ny kunnskap og kandidater i tett samarbeid med næringsliv og industri rundt oss. I presentasjonen vil HVL presentere korleis næringsliv og industri kan samarbeide med HVL omkring teknologiutvikling, både gjennom utdanning og forskning.

12:55-13:30
Jonas Nordhaug Myre (Norce): Deteksjon av feil og avvik ved hjelp av maskinsyn

Uhell og hendingar på flyplassen utgjer det meste av flyulukker, sjølv om det er ein høg grad av underrapportering. I samarbeid med Sintef og Norce, skal Airside Innovation utvikle framtidens overvakingssystem for flyplassar ved hjelp av AI og tett samarbeid med bakkepersonell.

13:30-14:15 Mingling/networking

14:15-14:45
Per Filip Tjeransen (TechnipFMC): Industri 4.0 og assemblyprosedyrer i Hololens

Vi skal sjå litt på korleis industrien har utvikla seg frå starten av den industrielle revolusjonen til dagens sensorikkbaserte system. Her blir det og lagt vekt på kva vegen vidare er, og korleis vi kan nytte dagens teknologi til å auke verdiskapinga.

14:45-15:15
Jon Liane (Accenture): XR i produksjonsmiljøet

Opplev resultatet av eit spennande sommarprosjekt mellom Accenture og Hydro – ei nyskapande XR-løysing som tek deg med på ei virtuell reise gjennom Hydro si høgteknologiske elektrolysehall. Utforsk elektrolysehallen i detalj og få innsikt i korleis XR-teknologi kan implementerast og utnyttast i industrien. Bli med oss på konferansen og opplev framtidas produksjonsmiljø!

15:15-15:25 Avslutningsord fra Raymond M. Kristiansen (NITO)

Hovudsponsarar