Workshop om ChatGPT og Microsoft Copilot

Lær deg alt om verdas mest effektive assistent!

Sjå fram til eit lærerikt kurs om bruken av ChatGPT og Microsoft Copilot!

Denne økta på 2 x 45 minutt vil gje dykk grunnleggjande kunnskap om korleis de kan nytte desse kraftige verktøya i arbeidskvardagen dykkar.

Innhald:

  • Introduksjon til Chat GPT og Microsoft Copilot.
  • Grunnleggjande bruk og funksjonar.
  • Integrering i dagleg arbeidsflyt.
  • Tips og triks for effektiv bruk.

Bli med oss måndag 13. november frå 09:00 til 11:00 og oppdag korleis ChatGPT og Microsoft Copilot kan forbetre di kvardag og arbeidsprosessar.

Introkurs om droner

Teknologiveka som læringsarena

Sjå fram til eit innføringskurs i bruk av droner! Dette kurset vil gi deg ein grundig introduksjon til verda av droneteknologi og korleis du kan nyttiggjere deg av  denne spennande teknologien.

Kurset inneheld oversikt over lover og reglar slik at ein i ettertid kan ta nettkurs  for sertifisering. Ein vil få råd og tips om kva type drone ein bør starte med, kva  kurs ein bør ta og kva ein må passe på.

Det vert ein praktisk del der ein får flyge drone i trygge omgjevnader med røynde  dronepilotar.

Dette kurset passar for deg som knapt nok har sett ei drone, har behov for dette i eiga organisasjon, men som ikkje heilt veit kvar du skal starte. Bli med oss  Torsdag 16. november frå 08:30 til 11:00 på eit læringsrikt innleiingskurs.

Hovudsponsarar