Bak teknologiveka

Framtidas løysingar blir skapte saman

Teknologiveka er ei møteplass for menneske, idear og teknologi – med blikket retta mot framtida.

Sidan starten i 2023 har Teknologiveka samla næringsliv, offentlege aktørar, unge, innbyggarar og gründarar rundt eitt viktig spørsmål:

Korleis kan teknologi og innovasjon bidra til ei meir berekraftig framtid?

Eit samarbeid i Årdal

Teknologiveka er eit samarbeid mellom bedriftene i Årdal Teknologi- og Næringspark, med ÅTN som arrangør og vertskap. Saman med Sitep, Sogn Kompetanse, Årdal Utvikling og Sogn Opplæringskontor skapar me ei veke der kunnskap blir delt, idear blir testa og nye samarbeid kan oppstå.

Me ønsker å vise fram teknologien, menneska og mangfaldet som finst i næringslivet vårt – og gi fleire eit innblikk i moglegheitene som finst her.

For Teknologiveka handlar ikkje berre om teknologi.

Det handlar om menneska som utviklar han, bedriftene som tek han i bruk, og samfunnet vi skal skape saman.

Framtida startar her

Årdal har lange tradisjonar innan industri og teknologi. No skal me bruke denne erfaringa til å sjå framover.

Me treng unge som tør å tenke nytt. Bedrifter som vågar å utvikle seg. Gründerar som ser moglegheiter. Og menneske som er nysgjerrige på kva som kjem.

Teknologiveka er ein arena for nettopp det.

Læring. Deling. Utfordring. Skaping.

Saman.