Velkommen til Teknologiveka 2024!

Bli med på Teknologiveka, der me samla eit stort konsortium av teknologiutviklarar, forskarar og industrifolk med mål om å skapa samarbeid og verdiskaping. Vi ynskjer å skape ein arena der bedrifter kan kome i direkte kontakt med teknologiutviklarar for å auke verdiskapinga i regionen.

Årleg, i veke 46, samla visjonære foredragshaldarar og teknologiutviklarar for å utforske dei nyaste trendane innan sirkulærøkonomi og berekraftig energiproduksjon. Gjennom heile veka vart det spanande foredrag, interaktive verkstader og nettverksbygging med bransjens beste. Teknologiveka er den perfekte arenaen for å få innsikt i framtidas energiløysingar og berekraftige innovasjonar. Ikkje gå glipp av sjansen til å bli ein del av denne dynamiske og kunnskapsrike samlinga!

Kva er Teknologiveka?

Teknologiveka er eit spanande arrangement med fokus på berekraftig utvikling og teknologisk innovasjon. Gjennom ei veke med foredrag, workshoppar og demoar, vert deltakarane introduserte for korleis teknologi kan bidra til å løyse framtidas utfordringar. Tema som energiomstilling, sirkulærøkonomi og symbiose mellom ulike industrisektorar står sentralt, med mål om å skapa nye løysingar for eit meir berekraftig samfunn.

Me hadde ei veke med ulike arrangement, frå føredrag til demonstrasjonar, der ulike bedrifter kom og presenterte løysingane sine for ulike utfordringar på arbeidsplassen. Målet var å dele nyskapande teknologiløysingar og tilnærmingar for ulike problemstillingar. Me takkar alle for deltakelsen på arrangementet og håpar de hadde ei like triveleg veke som oss.

Bilde frå årets arrangement kan du sjå her!

Skulebesøk heile veka!

Heile veka vil det kome elevbesøk frå 10. klasse på ungdomskular rundt om i Lærdal, Aurland, Hafslo, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Kaupanger og Årdal. Elevane vil i løpet av veka få informasjon om yrkesfag, omvisning i teknologiparken, omvisning i nokre av dei lokale bedriftane og demonstrasjonar i øvingsfabrikken.

Sponsarar

img_1_1698142049522

Med bidrag frå