Velkommen til Årdal Teknologi- og Næringspark!
Teknologiveka finn i hovudsak stad i Årdal Teknologi- og Næringspark i Øvre Årdal. Her samlar vi næringsliv, fagmiljø og framtidas kompetanse til ei veke med kunnskapsdeling, inspirasjon og nye møte.
First Lego League blir arrangert på Årdal Kino, Årdalstangen.
Lokasjon & arena
Bu komfortabelt under Teknologiveka!
Me anbefalar overnatting på Klingenberg Hotel på Årdalstangen. Hotellet er eit godt utgangspunkt for deg som skal delta på eitt eller fleire arrangement gjennom veka.
Hotellet tilbyr følgande prisar:
Enkeltrom kr. 1965,-
Dobbeltrom kr. 2365,-.
Ta kontakt med hotellet på e-post
post@klingenberghotel.no eller tlf.
+47 57 66 58 00 og oppgi at du deltek på Teknologiveka for å få rabatterte prisar.
Overnatting
Enkelt å finne fram – uansett kvar du reiser frå.
Årdal er tilgjengeleg med både bil og kollektivtransport. Me anbefalar at du planlegg reisa i god tid, særleg dersom du kjem langvegsfrå.
Reiser du kollektivt?
Du kan planleggje reisa di gjennom:
Kjem du med bil?
Frå Austlandet er E16 via Lærdal eit aktuelt alternativ. Frå Bergen kan du køyre via Voss og Lærdal, medan reisande frå Sogn kan følgje fylkesveg 53 til Årdal. Kontroller alltid aktuell rute og føreforhold før avreise.
Gratis parkering
Parkering ved arrangementet er inkludert i billetten dersom du huker av det. Brukar du GPS så legg inn Verksvegen 5, 6884 Øvre Årdal. Ved parkeringsplassen vil det vere folk i gule vester som rettleiar deg.
Transport & parkering