Tilbake til alle arrangementer

MANDAG 9. NOVEMBER Nettverkssamling: Gründerkveld

Nettverkssamling: Gründerkveld

Ein møteplass for nettverksbygging, erfaringsdeling og nye idear. Gründerkvelden legg til rette for at menneske med engasjement for næringsutvikling kan møtast og knyte nye kontaktar.

Nettverkssamling: Live podcast med gründerprat

Program:

18.00: Live podcast med Yvonne og Torunn

Podcastgjester: Tone Berge og Anja Damstuen Forthun

18.45: Inspirasjon frå Wildress Retreats - Brita Duwe

19.00: Mat og mingling

Kva skal til for å skapa arbeidsplassar, aktivitet og framtidstru i distrikta? Under Teknologiveka inviterer me dykk til ein inspirerande gründerkveld med fem gründerar som på kvar sin måte har valt å byggja noko nytt.

Vertar for podcasten med gründerprat er Yvonne Romøren Aga og Torunn Todal Laberg, som begge har vore gründerar i om lag ti år. Saman står dei bak eit nytt podkastprosjekt som blir lansert våren 2027. Målet er å løfta fram menneska, ideane og initiativa som skaper utvikling i distrikta. Dei meiner at god næringsutvikling også er god lokalsamfunnsutvikling, og ønskjer å inspirera fleire til å våga å realisera eigne prosjekt og draumar.

På scena får dei besøk av to spennande gründerar:

Tone Berge frå Baremark, som har bygd opp ei verksemd med utgangspunkt i lokale ressursar, berekraft og verdiskaping.

Anja Damstuen Forthun frå Årethun Foredling, som har skapt nye moglegheiter gjennom vidareforedling og lokal matproduksjon, med røter i tradisjonar og betre ressursutnytting.

Gjennom ein open samtale om oppturar, motgang, risiko, læring og drivkraft får publikum høyra kva som faktisk ligg bak ei gründersatsing. Korleis oppstår ein idé? Kva krevst for å halda fram når det blir vanskeleg? Og kvifor vel nokon å satsa i distriktet?

I tillegg får me ein itroduksjon til Wildress Retreats, som tilbyr retreats med fantasifotografi i vårt unike landskap. 

Denne kvelden handlar ikkje berre om bedrifter. Den handlar om menneske som skaper verdiar, byggjer lokalsamfunn og viser at gode idéar kan veksa fram også langt unna dei største byane.

Forrige
Forrige
6. november

FREDAG 6. NOVEMBER: First lego league

Neste
Neste
10. november

FAGDAG 10.-11. NOVEMBER: Teknologi & KI