Teknologi & KI - fagdagar
Lunsj til lunsj
10.–11. november 2026 | Årdal Teknologi- og Næringspark
Format: Lunsj til lunsj – tirsdag til onsdag, med sosial samankomst tirsdag kveld.
Korleis kan robotikk og kunstig intelligens bidra til å løyse konkrete utfordringar i industri og helse? Og kva krevst for å ta teknologien frå moglegheit til praktisk bruk?
Desse to dagane samlar Teknologiveka fagmiljø frå industri, helsesektor, næringsliv og akademia for å utforske utviklinga innan robotikk og kunstig intelligens. Gjennom faglege innlegg og konkrete døme får deltakarane innsikt i korleis teknologien blir teken i bruk i ulike sektorar, og kva nye moglegheiter som oppstår når kompetanse og erfaringar blir delte på tvers.
Programmet spenner frå industriell automatisering, robotikk og KI-støtta vedlikehald til bruk av kunstig intelligens i helsetenestene. Her får du mellom anna møte problemstillingar knytte til kreftdiagnostikk ved hjelp av KI, robotisert handtering av kirurgisk utstyr og trygg bruk av data. Samstundes set programmet søkjelys på fysisk KI, teknologisk utvikling og korleis verksemder kan ta i bruk nye verktøy i eigen arbeidskvardag.
Når teknologi frå industrien møter behov og utfordringar i helsesektoren, opnar det for nye perspektiv på utvikling, samarbeid og praktisk bruk. Teknologiveka legg til rette for fagleg påfyll, erfaringsdeling og nye kontaktar mellom miljø som kan lære av kvarandre og utvikle framtidas løysingar saman.
Programmet:
Tysdag 10. november 2026
11.00 – Registrering og mat
11.30 – Velkomen
Frank Øvstetun, Sitep
11.45 – Teknologi – eit overblikk
Johannes Aalbu, Hydro
Korleis kan verksemder skape verdi av KI og ny teknologi? Johannes Aalbu deler erfaringar frå arbeidet med KI-strategi, digitalisering og innovasjon i Hydro. Me får høyre kvifor samarbeid mellom industri, næringsliv og forsking blir stadig viktigare.
12.15 – Sjå roboten arbeide i fabrikken din før du kjøper han
Håvard Halvorsen, Rebel Robotics
Korleis veit du om ei robotløysing vil fungere i din fabrikk? Håvard viser korleis nye KI-baserte verktøy kan gjere det mogleg å prøve ut løysinga før du bestemmer deg. Eit foredrag med lite tekst og mykje robot.
12.45 – Minglepause med noko å bite i
13.25 – Fysisk KI – den neste teknologibølgja. Er me klare?
Vidar Tufteland, Kompetansesenteret for Robotteknologi (KORT) og Norwegian Robotics Cluster
KI tek steget ut av datamaskina og inn i den fysiske verda. Robotar og autonome system kan forstå omgivnadene og utføre stadig meir komplekse oppgåver. Kva betyr dette for næringslivet, og kva kunnskap treng me for å gripe moglegheitene?
13.50 – Frå idé til KI-basert produkt: Foot-o-Shoot
Peder Smart Sefland, BrAInXR
Korleis utviklar ein eit produkt som kombinerer lokal KI med eit konkret behov i helsetenesta? Peder fortel om Foot-o-Shoot, som skal oppdage tidlege teikn på diabetiske fotsår. Me får høyre om utviklingsarbeidet, samarbeidet på tvers av fagmiljø og vegen vidare.
14.10 – Bruk av KI innan helsesektoren
Anette Bjordal Larsen, KORT
Robotar er meir enn armar på eit samleband. Anette viser døme på korleis robotikk og KI kan nyttast innan helse og omsorg, og kva moglegheiter teknologien opnar for.
14.35 – Minglepause med noko å bite i
15.15 – Robotar, dronar og KI for frukt og bær, vilt og småfe
Martin Fodstad Stølen, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking
Frå sprøyterobotar på Njøs til dronar og kamerasystem som kan redusere viltpåkøyrslar. Martin presenterer prosjekt og idear der robotikk, sensorar og maskinlæring møter konkrete behov i Vestland – også på fjellgardar og i utmarksbeite.
15.30 – Robothunden som inspiserer fabrikken på eiga hand
Erik Vedeler, Adeptor
Kan ein robot gå inspeksjonsrundar i industrien heilt på eiga hand? Robothunden ANYmal D kan gå i trapper, navigere rundt hindringar og samle inn data med kamera, varmesensorar og måleutstyr. Adeptor viser teknologien – og du får sjølvsagt høve til å klappe hunden i pausen.
19.00 – Felles middag
Onsdag 11. november 2026
08.45 – Registrering og praktisk informasjon
09.15 – Vilje helseklynge – rett folk rundt same bord
Gro Rukan, Vilje helseklynge
Gode idear blir sjeldan realiserte åleine. Gro fortel korleis Vilje helseklynge koplar saman folk frå helse, forsking, utdanning og næringsliv, og kan gjere vegen frå idé til nye produkt og tenester enklare.
09.30 – KI og maskinsyn for sikker handtering av kirurgisk utstyr
Stein-Asle Øvrebotn og Henrik Aamot, Retrams
Kva skjer når industriell teknologi møter behova i helsesektoren? Retrams deler erfaringar frå utviklingsarbeidet med KI og maskinsyn for handtering av kirurgisk utstyr, og viser verdien av kunnskapsdeling og samarbeid på tvers av bransjar.
09.50 – Frå demonstrasjon til presist robotgrep
Arindam Saha, Høgskulen på Vestlandet
Korleis lærer ein robot å gripe gjenstandar med ulike former? Arindam viser korleis maskinlæring, demonstrasjonar og praktisk øving kan gjere roboten betre til å gripe og handtere objekt. Kirurgiske instrument er testobjekta i samarbeidet med Retrams.
10.10 – KI og eigne data – også utan internett
Peder Smart Sefland, BrAInXR
Korleis får du tilgang til eigne data og KI-verktøy når nettet eller eksterne tenester sviktar? Peder viser korleis du set opp og brukar AnythingLLM. Med lokale modellar og lokal lagring kan dokument og samtalar bli verande på di eiga datamaskin.
Installer gjerne AnythingLLM på førehand for å få meir ut av demonstrasjonen.
10.35 – Minglepause med noko å bite i
11.15 – Kan ein algoritme oppdage kreft?
Tonje Bøyum Riste, Helse Førde
På patologilaboratoriet møter KI ei krevjande oppgåve: å finne små avvik i komplekse bilete av vevsprøvar. Tonje viser korleis teknologien kan kjenne att strukturar og telje celler. Kva skal til før resultata er presise, sporbare og pålitelege nok til å brukast i praksis?
11.35 – Når KI blir ein del av verktøykassa
Øyvin Tørvi, Digital Etikett
KI treng ikkje starte med store strategiar. Øyvin viser korleis Digital Etikett har teke teknologien i bruk i praktiske arbeidsoppgåver, mellom anna ved å byggje opp ei eiga «hjerne» og bruke KI på regulativ og informasjon som tek tid å finne fram i.
11.50 – HVL – ein regional samarbeidspartnar
Roger H. Normann og Rannveig Litlabø, Høgskulen på Vestlandet
Korleis sikrar me framtidas teknologikompetanse på Vestlandet? HVL viser korleis studentar, forskarar og næringsliv kan samarbeide gjennom praksis, studentjobbar, oppgåver og forskingsprosjekt. Kva moglegheiter finst for di verksemd?
12.05 – Frå tradisjonelt handverk til 3D-printing og sensorstyrt teknologi
Fredrik Dahll, Blatchford
Korleis endrar ny teknologi ein tradisjonell bransje? Blatchford viser korleis 3D-printing, robotikk og digitale produksjonsmetodar blir tekne i bruk innan ortopediteknikk. Me får òg sjå korleis protesar har utvikla seg frå mekaniske løysingar til avanserte system med elektronikk og sensorstyring.
12.35 – Avslutning
12.50–13.30 – Mingling og mat