Kraft & energi - fagdagar
Lunsj til lunsj
Desse dagane samlar Teknologiveka fagmiljø frå industri, forsking, næringsliv og offentleg sektor til fagdagar med kraft, energi og industriell symbiose som gjennomgåande tema. Gjennom konkrete døme, forskingsperspektiv og erfaringar frå ulike verksemder utforskar me korleis energi kan nyttast smartare, og korleis ressursar som i dag går til spille, kan bli grunnlag for ny verdiskaping.
Programmet tek opp sentrale spørsmål om energisituasjonen i Noreg, verdiskaping frå datasenter, bruk av overskotsvarme og utvikling av nye næringar. Me får mellom anna innsikt i korleis industriell overskotsvarme kan nyttast i andre produksjonsprosessar, korleis restråstoff kan gi nye produkt, og korleis samarbeid mellom industri og forskingsmiljø kan bidra til å utvikle konkrete løysingar.
Gjennom ei samanhengande lunsj-til-lunsj-samling legg me til rette for fagleg fordjuping, erfaringsdeling og dialog på tvers av fagmiljø. Målet er å utforske nye moglegheiter for betre ressursutnytting, grøn omstilling og berekraftig verdiskaping – og å skape grunnlag for samarbeid som kan føre idear vidare til praksis.
Programmet:
Torsdag 12. november – Energi og lokal verdiskaping
Korleis kan me nytte kraft, overskotsvarme og lokale ressursar til å skape ny industri og nye arbeidsplassar? Me møter verksemder og forskingsmiljø som arbeider med konkrete løysingar.
10.15 – Registrering og mat
10.45 – Velkomen
Frank Øvstetun, Sitep
10.55 – Det store energibiletet
Dag Hjelle, Folven gard
Mat er energi, og det krev energi å produsere mat. Korleis heng måla om meir norsk fôrproduksjon og vekst i oppdrettsnæringa saman med energibehovet? Dag Hjelle tek eit overordna blikk på ressursane, ambisjonane og samanhengane mellom energi og biologisk produksjon.
11.20 – Verdiskaping av datasenter
Leo Øvregard, Compute Nordic
Datasenter brukar mykje straum, men kan dei òg leggje grunnlag for ny lokal verdiskaping? Leo viser korleis me kan tenkje annleis om datasenter, overskotsvarme og nye produksjonsprosessar. Kan varmen bli ein ressurs som skapar arbeidsplassar lokalt?
11.35 – Energisituasjonen i Noreg
Jonas Kristiansen Nøland, NTNU
Kva utfordringar står det norske energisystemet overfor? Jonas Nøland gir eit overblikk over energisituasjonen og samanhengen mellom kraftproduksjon, elektrifisering og nye industribehov.
12.05 – Minglepause med noko å bite i
12.45 – Når industrien brukar energien to gonger
Arne Werge-Olsen, Elkem
Elkem arbeider med å gjere overskotsvarme til ein ressurs for både industrien og samfunnet rundt. Arne fortel om industriell symbiose ved Elkem Kristiansand, der industri, datasenter og produksjon av råvarer til fiskefôr kan koplast saman.
13.05 – Rett energi, til rett stad og tid
Lene Borgen Waage, Vestland fylkeskommune
Korleis kan Vestland nytte energiressursane best mogleg? Lene gir eit innblikk i utviklinga innan energiproduksjon og energibruk, og korleis fylkeskommunen arbeider for at rett energi skal nå rett stad, til rett tid.
13.20 – Baremark – frå overskotsvarme til nye produkt
Maksym Bondar, Baremark, og Karoline Husevåg Kvalsvik, NORCE
Kan overskotsvarme frå industrien bidra til meir berekraftige leikeplassar og uteområde? Maksym fortel om gründerreisa og status for Baremark. Karoline viser korleis forsking på energibruk og klimaavtrykk bidreg i utviklinga.
13.35 – Når overskotsvarme blir grunnlaget for ny industri
Jan Petter Myhre, Grøn Næringspark Kvinnherad
På Husnes arbeider Grøn Næringspark Kvinnherad med industriell symbiose, der Hydro, datasenter og biogassproduksjon kan spele saman. Jan Petter viser korleis samarbeid mellom ulike industriar kan gi betre ressursutnytting, nye verdikjeder og grunnlag for arbeidsplassar.
13.50 – HVL – ein regional samarbeidspartnar
Roger H. Normann og Rannveig Litlabø, Høgskulen på Vestlandet
Korleis sikrar me framtidas teknologikompetanse på Vestlandet? HVL viser korleis studentar, forskarar og næringsliv kan samarbeide gjennom praksis, studentjobbar, oppgåver og forskingsprosjekt. Kva moglegheiter finst for di verksemd?
14.05 – Datadrevet optimalisering av morgendagens energisystemer
Eivind Olsvik, Universitetet i Bergen
Kunstig intelligens er i ferd med å endre energisektoren. Få kompetansen til å utnytte data, maskinlæring og optimalisering for å utvikle smartere, mer lønnsomme og bærekraftige løsninger for fremtidens energisystemer.
14.25 – Minglepause med noko å bite i
15.05 – Frå marint restråstoff til meirverdi
Gro Elin Kjæreng Bjerga, NORCE
Korleis kan me få meir ut av marine råvarer som i dag blir restråstoff? Gro viser korleis enzym og bioteknologi kan bidra til betre ressursutnytting og leggje grunnlag for nye produkt og auka verdiskaping.
15.20 – Korleis får me energisystema til å spele saman?
Hans Petter Lohne, NORCE
Ny industri treng meir energi – men korleis koplar me nye behov til eksisterande infrastruktur? NORCE viser korleis straum, varme og energibehov kan sjåast i samanheng, med døme frå prosjekt dei deltek i. Kva skjer når me koplar forskjellige verksemd og energisystem saman, og korleis sikrar me at dei fungerer godt saman? Me får innblikk i utfordringane og moglegheitene – og kanskje idear til nye samarbeid.
15.35 – Lokal kraft – grunnlag for nye arbeidsplassar?
Sveinung Rud
Kan ny vasskraft bli eit springbrett for lokal næringsutvikling? Sveinung presenterer kraftutbygginga i Fardalen og dei tekniske løysingane bak. Kva oppdrag gir utbygginga lokale verksemder, og korleis kan krafta leggje grunnlag for nye arbeidsplassar?
15.45 – Biosyntec – frå trestokk til sushi
Øystein Selen, Biosyntec
I fjor presenterte Øystein draumen om å gå frå trestokk til sushi. Etter møte mellom Biosyntec og Elkem på Teknologiveka 2025 er arbeidet med ein pilot no i gang. Me får høyre om samarbeidet, status og vegen vidare.
15.55 – Sogn Miljøkraft – status fjernvarme Øvre Årdal
Arnt Erik Henjum
Korleis kan lokale varmeressursar nyttast betre? Arnt Erik presenterer varmeprosjektet til Sogn Miljøkraft og gir eit innblikk i arbeidet og moglegheitene vidare.
16.05 – Smartare energibruk og ny industri rundt smelteverka
Linn Helland, Hydro
Linn fortel korleis Hydro arbeider systematisk med å optimalisere energibruken og gjenvinne overskotsvarme til andre føremål. Hydro ønskjer å trekkje ny industri til områda rundt eksisterande smelteverk gjennom moglege symbiosar innan energi, teknologi og biprodukt.
16.15 – Ei overrasking frå Fjordalg
Fjordalg
Fjordalg rundar av innlegga med ei overrasking.
19.00 – Felles middag
Fredag 13. november 2026 - Frå overskotsvarme til biologisk verdiskaping
Ope og gratis FoU-møte
08.30 – Registrering og mat
09.00 – Velkomen: Kva kan me få til saman?
Me tek utgangspunkt i prosjekta og moglegheitene frå torsdagen. Kven har varmen, kven har produksjonsideane, og kva må me finne ut før me kan gå vidare?
09.10 – Verksemdene presenterer moglegheiter og behov
Korte innlegg frå aktørar som deler status, ressursbehov og konkrete utfordringar dei ønskjer samarbeid om.
09.55 – Frå utfordring til forskingsprosjekt
Gro og Øyvind samlar trådane: Kva krev meir kunnskap, kva kan testast i ein pilot, og korleis kan verksemder og forskingsmiljø arbeide vidare saman?
10.10 – Kaffipause
10.20 – Arbeid med konkrete prosjektidear
Deltakarane samlar seg rundt aktuelle koplingar mellom varmekjelder, råstoff og biologisk produksjon. Me ser på kva som kan produserast, kva ressursar som trengst, og kven som kan bidra.
11.00 – Kva går me vidare med?
Me løftar fram dei mest aktuelle prosjektideane og avklarar kva som må undersøkast fyrst. Målet er å finne nokre konkrete samarbeid som deltakarane ønskjer å utvikle vidare.
11.20 – Neste steg og oppfølging
Kven tek initiativet, kven blir med, og når møtest me igjen? Me avsluttar med å avtale ansvar og første aktivitet for dei prioriterte ideane.
11.30 – Mingling og mat