Velkomen til Teknologiveka 2025!
8-14. november
Seks dagar fylt med inspirasjon, kunnskap og konkrete løysingar for framtida – kva skal me leve av etter oljen?
Gjennom spennande foredrag og samtalar møter du blant anna forskarar, gründerar, politikarar og næringslivsaktørar, samt representantar frå verkemiddelapparatet og industrien. Me legg lista slik at alle kan følgje med – utan store ord og tomme vyar, men med planar, prosessar og prosjekt som skapar nye grøne arbeidsplassar og reduserer klimaavtrykket i praksis.
- Næringslivet i Sogn – møt både det lokale og regionale næringsapparatet, banken og andre viktige aktørar som kan hjelpe deg vidare med idéane dine.
- Spillvarme – kor mykje energi går eigentleg til kråka, og kor store verdiar kan me skape? Svaret er enormt.
- Biologiske prosessar – frå naturen til framtida. Me skal ikkje tilbake til fortida, men lære av ho for å bygge ein berekraftig industri.
- Tekstil og sirkulær økonomi – tekstilindustrien står for 10 % av verdas CO₂-utslepp, og Noreg er ein versting. Korleis kan me endre oss? Gründerar og fagfolk deler løysingar.
- Teknojenter – Korleis kan arbeidslivsaktørar i Sogn bidra til å motivere jenter til å velje teknofag, og sikre større deltaking i eit digitalt og grønt arbeidsliv?
I tillegg skjer det mykje meir – møteplassar og spennande aktivitetar for 10. klassingar frå heile Sogn som vil lære om framtidas industri.
Og ikkje minst – First Lego League regionsfinale på laurdag!
Bli med på Teknologiveka – der idéar blir til handling!
Tusen takk for ei fantastisk Teknologiveka 2025!
Ei veka fylt med inspirasjon, kunnskap og nye idear er over – og me sit igjen både stolte og takksame. Seks dagar med spennande foredrag, gode samtalar og møte mellom forskarar, gründerar, politikarar, næringslivsaktørar, industrien og verkemiddelapparatet.
Tusen takk til alle sponsorar, samarbeidspartnarar, støttespelarar og foredragshaldarar som gjer dette mogleg. Dykkar bidrag betyr enormt mykje for oss, for Årdal – og for heile regionen. Teknologiveka er blitt ein viktig møteplass som løftar fram innovasjon, samarbeid og framtidsretta løysingar.
Takk for besøket til alle 10.-klassingane som tok turen! De er framtida, og me håpar de reiste heim med nye inntrykk og inspirasjon.
Til alle som deltok, lytta, delte og engasjerte seg: Tusen takk for besøket!
Me gler oss allereie til Teknologiveka 2026!
Bilde frå årets arrangement kan du sjå her!

Kva er Teknologiveka?
Teknologiveka er eit spanande arrangement med fokus på berekraftig utvikling og teknologisk innovasjon. Gjennom ei veke med foredrag, workshoppar og demoar, vert deltakarane introduserte for korleis teknologi kan bidra til å løyse framtidas utfordringar. Tema som grøn vekst frå spillvarme, biologisk verdiskaping og ei berekraftig framtid i tekstilindustrien står sentralt, med mål om å skapa nye løysingar for eit meir berekraftig samfunn.
Bilde frå årets arrangement kan du sjå her!


Skulebesøk heile veka!
Heile veka vil det kome elevbesøk frå 10. klasse på ungdomskular frå Lærdal, Aurland, Hafslo, Balestrand, Leikanger, Vik, Sogndal, Kaupanger og Årdal. Elevane vil i løpet av veka få informasjon om yrkesfag, omvisning i teknologiparken, omvisning i nokre av dei lokale bedriftane og vere med i konkurransar i øvingsfabrikken
Eg vil melde meg på!
Detta kan du enkelt gjera her










