Mandag 10. november - Gründer- og SMB-kveld
Har du ein gründer i magen, driv du eiga bedrift eller er du berre nysgjerrig på kva som rører seg i næringslivet i Sogn?
Då er du hjarteleg velkomen til ein inspirerande kveld i Årdal Teknologipark.
Her møter du både det lokale og regionale næringsapparatet i Sogn, bank og andre viktige aktørar som kan hjelpe deg vidare med idéane dine. Du får høyre ekte gründerhistorier, få nyttige tips om synlegheit og marknadsføring – og ikkje minst sjansen til å bygge nettverk gjennom mingling og uformelle samtalar.
Arrangementet er gratis, og vi byr på både fagleg påfyll, mat og gode moglegheiter for å knyte nye kontaktar.
Tid: 17.00–21.00
17.00 - 17.05
Velkomen ved arrangørane
17.05 - 17.35
Det kommunale næringsapparatet
17.35 - 18.20
Det regionale støtteapparatet
18.05 FORREGION Vestland og Vestlandsforsking v/ Øyvind Heimset Larsen
18.20 - 18.40 Pause og matservering
18.40 - 19.00
Sogn Sparebank
Kva kan banken hjelpa grunderar og småbedrifter med? Fokus på forretningsplan, krav og banken sin strategi om å bidra til lokal verdiskaping.
19.00 - 19.15
Sander Øvstetun - Marknadsføring og digital synlegheit:
Innsikt i forbrukar- og turisttrendar
19:15 - 20.30
Gründerreiser:
Inspirasjonsforedrag frå lokale gründarar
20.30 Mingling
Eg vil melde meg på!
Detta kan du enkelt gjera her










