First Lego League laurdag 8. november

Årets oppdrag: UNEARTHED
Gjennom UNEARTHED-sesongen vil FIRST LEGO League-laga ved hjelp av STEM-ferdigheter og samarbeid grava djupare enn nokon gang før for å gjera nye oppdagelsar. Etter 8 veker med intensivt arbeid kulminerer prosessen i ein turnering, arrangert av Sogn opplæringskontor, der laga får presentere både forskingsprosjekta og robotoppdraga sine for å løfte fram arbeidet dei har gjort.
Meir info om årets FIRST LEGO League kan ein få her.
Skulebesøk heile veka
Teknologiveka som læringsarena
Heile veka vil det kome elevbesøk frå over 300 elevar frå 10. klasse på ungdomsskular frå Lærdal, Aurland, Hafslo, Balestrand, Leikanger, Vik, Sogndal, Kaupanger og Årdal. Elevane vil i løpet av veka få informasjon om yrkesfag, omvisning i teknologiparken og vere med på konkurransar i øvingsfabrikken.
Bedrifter frå Sogn vil stille med stand i Teknologiparken denne veka, og fleire av dei tek imot elevane på bedriftsbesøk.
Dette blir ein spanande arena for dei yngre for å sjå og involvere seg direkte i lokalindustrien, med håp om å tenne ein gnist for industrien i Vestland.










