Agenda for Teknologiveka 2025

Teknologiveka 2025 blir ein møteplass for alle som vil vere med på å forma framtida! Med spennande foredrag om grøn vekst frå spillvarme, biologisk verdiskaping og berekraftig tekstilindustri vil deltakarane få innsikt i dei nyaste løysingane for ei berekraftig utvikling. Her får du møte leiande ekspertar og innovatørar som deler sine erfaringar og visjonar om korleis me kan skape grøne arbeidsplassar, redusere utslepp og bruke ressursar meir effektivt. Teknologiveka 2025 blir ei veke fylt med inspirasjon, nettverksbygging og konkrete idear for ei grønare og meir berekraftig framtid!

Klikk på dagane under for å få meir info:

  • Laurdag: Finale i FIRST Lego League
  • Mandag: Gründer- og SMB-kveld
  • Tysdag: Fagdag om grøn vekst frå spillvarme
  • Onsdag: Fagdag om biologisk verdiskaping
  • Torsdag: Tekstildagen
  • Fredag: Meir informasjon kjem

Laurdag 8. november: Finale i FIRST Lego League

På laurdag vert den store finalen i FIRST LEGO League, eit spennande arrangement for dei yngre, fullt av kreativitet, teknologi og innovasjon. Lag frå heile regionen vil konkurrere med sjølvlaga robotar og presentere løysingar på samfunnsaktuelle utfordringar. Dette er ein unik moglegheit for unge deltakarar til å engasjere seg i teknologi og framtidige løysingar, og samtidig oppleve gleda ved samarbeid og problemløysing. Ein dag fylt med spenning og inspirasjon for framtidas innovatørar!

Mandag 10. november: Gründer- og SMB-kveld

Velkommen til Gründer- og SMB-dag, og opning av Teknologiveka 2025!

Har du ein gründer i magen, driv du eiga bedrift eller er du berre nysgjerrig på kva som rører seg i næringslivet i Sogn? Då er du hjarteleg velkomen til ein inspirerande kveld i Årdal Teknologipark.

Arrangementet er gratis, og vi byr på både fagleg påfyll, mat og gode moglegheiter for å knyte nye kontaktar.

Kvelden vert arrangert av Årdal Utvikling og Kunnskapsparken Vestland, med bidrag frå Sogn Sparebank.

 

Programmet for dagen inneheld:

  • Det kommunale næringsapparatet

  • Det regionale støtteapparatet
  • Bli synleg digitalt – forbrukartrendar

  • Sogn Sparebank: Kva kan banken hjelpa gründerar og småbedrifter med?

  • Inspirasjonsforedrag frå lokale gründerar som deler sine erfaringar

  • Mingling

Dette blir ein dag full av praktisk læring, inspirasjon og nettverksbygging for alle som ønskjer å utvikle eiga verksemd – eller berre utforske kva moglegheiter som finst i Årdal.

Sjå full agenda for mandagen her

Tysdag 11. november: Fagdag om grøn vekst frå spillvarme

  • Velkomst v/Frank Øvstetun (Sitep)

  • Spillvarme – eit politisk spørsmål v/Stian Davies (Vestland fylkeskommune)

  • Energi i nullutsleppssamfunnet v/Tor Martin Misund (Vestland fylkeskommune)

  • Spillvarme sett frå industrien v/Jørgen Næsje (Norsk Industri)

  • Rett energi til rett formål v/Petter Egil Røkke (Sintef Energi)

  • Moglegheiter i grøn omstilling v/Robert Martinez (Norconsult)

  • Læring frå Danmark v/Ebbe Lind Kristensen (COWI)

  • Case Sogn (Årdal Energi og Hydro)
  • Erfaring frå Elkem v/Arne Werge-Olsen (Elkem)

  • Paneldebatt: Finansiering av felles infrastruktur – tenke stort

  • Oppsummering v/Heidi Synnøve Gaustad (TBA)

  • Workshop: Konsortium for grøne løysingar

  • Felles middag på Klingenberg Hotel

Sjå full agenda for tirsdagen her

Onsdag 12. november: Fagdag om biologisk verdiskaping

  • Velkomst v/Frank Øvstetun (Sitep)

  • SusFeed – oppsummering v/Egil Petter Stræte (RURALIS)

  • Biosirkel – status og funn v/Gro Elin Kjæreng Bjerga (Norce)

  • SmartSirk v/Jøril Hovland (Kunnskapsparken)

  • Sopp sett frå ein biolog v/Gry Alfredsen (NIBIO)

  • RAS-vatn = mat til alger v/Hanna Böpple (Norce)

  • Frå slam til verdi v/Anders Gjendemsjø (Norce)

  • Livsløpsanalyse støtter utvikling av sirkulære verdikjeder v/Ylva Wedmark (Norce)

  • Fallunderlag – status v/Maksym Bondar (BioSpinOut One)

  • Frå trestokk til sushi v/Øystein Selen (BioSyntec)

  • Fermentering på gard – eit spørsmål om energi v/Dag Hjelle (FolvenGard)

  • Woolly Plant Pot v/Silje Klepsvik (BioRegion Institute)

  • FjordAlg – status v/Gabriel Ossenkamp (FjordAlg)

  • Sogn Biohub v/Karoline Søvik Myklebust (Sogn Næring)

  • Industriell symbiose v/Heidi Synnøve Gaustad (Grøn Region Vestland / Innovasjon Norge)

  • Middag

 Sjå full agenda for onsdagen her

Torsdag 13. november: Tekstildagen

Kom og lær korleis du kan reparere dine skattar – enten det er klede eller utstyr!

Denne kvelden vil du bli vist korleis du sjølv kan reparere klede og utstyr, samstundes som du og vil få hjelp til å reperere det du tek med deg!
Har du nokon kunstar du kan bidra med? Ta kontakt på odabeate@sognkompetanse.no!

 

  • Intro v/Sogn Kompetanse

  • Eit internasjonalt blikk på dagens tematikk v/Jane Junger (UiB)

  • Viktige prinsipp for berekraftig sirkulær økonomi v/Hans Jakob Walnum (Vestlandsforsking)

  • Innlegg v/Frank Eldegard (Gamleskulen brukthandel og aktivitetssenter)
  • Status i Sogn v/SIMAS og Fretex

  • Problemet overproduksjon v/Ingun Grimstad Klepp (OsloMet) og Tone Skårdal Tobiasson

  • Logistikk bak tekstilombruk v/Pål Erik Haraldsen (Norsk Tekstilgjenvinning AS / HWreuse)
  • Gjenvinningsanlegg og råvarekvalitet v/Knut Skinnes (Norwegian Re:textile)

  • ISORTx – automatisert sortering av tekstilavfall v/Ellen Nordgård-Hansen (NORCE)

  • Teknologi og lokal produksjon v/Ingun Grimstad Klepp (OsloMet) og Tone Skårdal Tobiasson

  • Forbrukarblikket – korleis få kle til å leve lenger? v/Anne-Grete Sandtorv
  • Designmøblar med berekraft v/Katrine og Pieter Van Tulder (Fjordmoods)

  • Innlegg v/Synnøve Balabanian (SB Swimwear + Norlender)

  • Lokal og berekraftig tekstilproduksjon v/Karen Boye (Syd Interiør + Fibershed)

  • Kven gir politikarane kunnskap? v/Synnøve Rubach (NORSUS)

  • Berekraft, funksjon og design – Wooly Silent v/Silje Klepsvik (Wooly Silent)

  • Kvifor kutte fossile råmaterialer i tekstil? v/Lars Haugen Aardal

  • FoU-møte leidd av Torunn Hønsi

  • Reperasjonskveld

Sjå full agenda for torsdagen her

Fredag 14. november: Teknojenter

Velkomen til ein viktig idéverkstad!

Teknologifag spelar ein nøkkelrolle i utvikla av næringslivet i Sogn og resten av verda, og behovet for teknologikompetanse er aukande. Skal vi sikre verdiskaping og omstilling i det teknologiske og grøne skiftet, treng vi fleire unge , spesielt jenter, til å velje teknologirelaterte utdanningar og yrke.
Gjennom prosjektet Teknojenter har vi henta inn mykje god informasjon og tankar frå jentene -og  tilsette ved barnehagane og skulane i Sogn. No ynskjer vi å samle arbeidslivsaktørar under Teknologiveka for ein ny idéverkstad.
Me startar klokka 09 og avsluttar med ein felles lunsj i 12- tida for dei som ynskjer.
Me håpar bedriftene i Sogn ynskjer å delta på arrangementet for å styrke rekrutteringa til teknologifaga i framtida!

Aktivitetar gjennom heile veka

Gjennom Teknologiveka 2025 arrangerer vi ei rekkje spanande aktivitetar. Dette inkluderer stands frå teknologiutviklarar og innovative bedrifter, der deltakarane kan sjå dei nyaste teknologiane i aksjon. Vi legg også til rette for elevbesøk, som gir ungdom innblikk i framtidas teknologi og løysingar. Teknologiveka er ei plattform for læring, nettverksbygging og inspirasjon, og gir deltakarane moglegheita til å oppleva korleis teknologi kan bidra til berekraftig utvikling og næringsliv i regionen.

Opplev framtidas teknologiløysningar

På Teknologiveka vil teknologiutviklarar og industriaktørar ha engasjerande stands fulle av spennande demoar og lærerik informasjon. Her kan du få eit nærare innblikk i framtidas teknologiske løysingar, frå robotikk til bærekraftige energisystem. Dei interaktive presentasjonane gir deltakarane sjansen til å lære gjennom hands-on opplevingar, utforske innovasjonar på nært hald, og stille spørsmål direkte til ekspertane. Det er ein unik moglegheit til å sjå teknologi i praksis og få inspirasjon til eigne idear!

IMG_2783

Innovasjon, teknologi og kunnskap – også for dei unge

Gjennom veka blir det eit spennande opplegg for 10. klassingar, som kjem på besøk fra heile Sogn! Der dei vil få sjansen til å besøke lokale bedrifter og utforske framtidas teknologi. Elevane får teste ut spanande verktøy og gadgets, og blir inspirerte til å lære meir om teknologi og innovasjon i praksis. Ei veke fylt med læring, moro og teknologi!

20231111_085835

Sponsarar

Med bidrag frå