Onsdag 12. november - Biologisk verdiskaping

08:30-08:40
Frank Øvstetun (Sitep): Velkomst/Innleiing

Velkomst/Innleiing. Generell informasjon om timeplan, føredragshaldarar, motivasjon og innhald for dagen.

08:40-09:00
Egil Petter Stræte - RURALIS:
SusFeed - oppsummering

SusFeed – Sustainable Feedproduction – er eit forskingsprogram (Ruralis/Sintef) leia av Egil Petter med mål om å forstå korleis fôr kan bli berekraftig. Om ein hadde inkludert CO2-fotavtrykket på importerte råvarer som t.d. soya så vil fôr utgjere 10% av Norge sitt totale CO2-fotavtrykk. Egil Petter fortel litt om funn frå prosjektet.

09:00-09:20
Gro Elin Kjæreng Bjerga - Norce:
Biosirkel - status og funn

BioSirkel, tek eit steg vidare frå SusFeed der ein både ser på korleis ein skal produserer berekraftig fôr men også berekraftig mat og energi. Ildsjel, forsker og prosjektleiar Gro tek oss gjennom funn frå prosjektet.

09:20-09:35
Jøril Hovland - Kunnskapsparken:
SmartSirk

Korleis skape nyearbeidsplassar og vekst som planeten tåler? Kan gjenproduksjon (remanufacturing) vere svaret? SmartSirk-prosjektet utviklar kunnskapen som me treng – Jøril vil gje oss spanande innsikt frå arbeidet.

09:35-09:45
Charlotte Lem - Invest In Vestland

Skal me klare å etablere industrielle symbiosar, kan det også være fornuftig å sjå etter utanlandske aktørar som kan fylle gap i verdikjedane. Invest in-funksjonen gjev tilgang til Innovasjon Norge sitt uteapparat og er en veg ut mot selskap i nye nettverk.

09:45-09:50
Spørsmål til foredrag

09:50-10:30 Kaffipause

10:30-10:50
Gry Alfredsen - NIBIO:
Sopp sett frå ein biolog

Gry Alfredsen frå NIBIO viser korleis sopp kan vere ein ressurs. Ho fortel korleis me kan bruka sopp til å utnytte tre og biomasse betre, utvikle berekraftige løysingar – og lage spennande produkt du kanskje aldri hadde tenkt soppen kunne gi.

10:50-11:05
Hanna Böpple - Norce:
RAS-vatn = mat til alger

Oppdrettsnæringa skapar enorme verdiar men også enorme mengder med avfall. Norce ser på korleis ein skapar verdi frå dette avfallet. Avfall er som kjent ressursar på avvege.

11:05-11:15
Anders Gjendemsjø - Norce:
Frå Slam til verdi

Anders gjev oss ein oversikt over eit tema som har vore ei verkebyll i oppdrettsnæringa i lang tid. Slam, fôrrestar,&avføring utgjer enorme ressursar – kan me skapa nye verdiar av det?

11:15-11:30
Ylva Wedmark - Norce:
Livsløpsanalyse støtter utvikling av sirkulære verdikjeder

Kva avfallsstraumar, prosessar og produkt må koplast saman for å skape verdikjeder som faktisk er bærekraftige? Ylva Wedmark, forsker ved NORCE, forteller om korleis ho brukar livsløpsanalyser tidlig i utviklingen av nye verdikjeder for å sikre reelle miljøgevinster.

Metoden gjør det mulig både å dokumentere og å forbedre produktet ditt!

11:30-11:40
Spørsmål til foredrag

11:40-12:20 Minglepause med noko å bita i

12:20-12:25
Maksym Bondar - BioSpinOut One:
Fallunderlag - status

Leikeplasser med store mengder mikroplast blir erstatta av 100% naturlege materialer som ungane trygt kan leike på.

12:25-12:45
Øystein Selen - BioSyntech:
Frå trestokk til sushi

Me eksporterer rund tømmer for 5 milliardar kroner. Vidareforedle til fiskefôr og energi, ta ned CO2-fotavtrykket monaleg og billig, auke sjølvforsyninga og skape 10x verdien av eksporten? Me kan – men vil me?

12:45-13:00
Dag Hjelle - FolvenGard
Fermentering på gard - eit spørsmål om energi

Ved å ta i bruk mikroorganismer på ein smart måte har FolvenGard dokumentert redusert behov for kunstgjødsel, auka produksjon av straum, rein CO2 til bruk i drivhus og varme for å erstatte bruk av straum. Det monner!

13:00-13:15
Birgitta Ralston - Woolly

Årlig blir ein million kg ull nedklassifisert i Norge, samtidig som det kjøpes 5-6 000 tonn plastpotter kvart einaste år, som sjeldan kan gjenbrukast.

Birgitta Ralston presenterer Woolly, ein nytenkjande plantepotte laga av tare og ull, som bind saman behov for plastbruksreduksjon, regional ressursutnyttelse og biokjemi – eit produkt med potensiale til å endra gartneribransjen! Møt Birgitta og finn ut om ull er klimaskiftet sitt gull!

13:15-13:25
Tor-Erik Dahl - FjordAlg:
FjordAlg - status

Me får ein oppdatering om korleis ein brukar algar til å erstatte oljebasert ingrediens til fiskefôr og dermed ein brøkdel av klimaavtrykket, skape nye grøne arbeidsplassar og ein sunnare fisk.

13:25-13:35
Spørsmål til foredrag

13:35-14:20 Minglepause

14:20-14:30
Tommy Olsen - Terravera Foundation: Modellering for å visualisere grønn konkurransekraft

Korleis kan data og modellering brukast til å forstå heile verdikjeda – frå innsida? Terravera Fondation viser korleis verksemder kan dokumentere faktisk effekt og gjere strategi til handling.

14:30-14:40
Elisabet Kjerstad Bøe - Fjord Impact Lab:

Skal me gå frå powerpoint til det verkelege liv treng me hjelp – kan ein regional akselerator med tilgang på kapital vere nøkkelen?

14:40-14:50
Karoline Søvik Myklebust - Sogn Næring:
Sogn Biohub

Status frå ein av bio-hubbane i Vestland. Samarbeid kan gje nye grøne arbeidsplassar der ein lagar verdi av avfall.

14:50-15:05
Heidi Synnøve Gaustad - Grøn Region Vestland/IN
Industriell symbiose

Når berekraft skal gå frå ord til handling. Avfall er ressurs på avvege – korleis jobber Vestlandet strukturert med dette? Skape nye grøne arbeidsplassar, redusere utslepp gjennom gjenbruk, samarbeid og kompetanse?

15:05-15:15
Spørsmål til foredrag

Når berekraft skal gå frå ord til handling. Avfall er ressurs på avvege – korleis jobber Vestlandet strukturert med dette? Skape nye grøne arbeidsplassar, redusere utslepp gjennom gjenbruk, samarbeid og kompetanse?

19:00-20:30
Middag på Klingenberg Hotell

Pizza & Pasta-buffet og Milde Måne

Sponsarar

Med bidrag frå